Atelier Kalvig

I 2013 flytta eg inn i mitt nye atelier på eigedomen min i Kalhagen, ved Kolbeinstveit. Bygget vart reist med støtte frå Suldal kommune og Innovasjon Norge. Her arbeider eg med maleri og grafikk. Naturen i dalen gjev inspirasjon og ro til konsentasjon og ettertanke, med Suldalsvatnet like ved. Bygget kan og nyttast til arrangement som små konsertar, kurs og grupper for omvising etc. Eg syner deler av produksjonen i visningsromet knytt til atelieret. Det er berre å stikka innom eller ringa for avtale, så er de sikre på å treffa meg inne.

Velkomen til Atelier Kalvig!

Adressa er Suldalsvegen 2040, 4237 Suldalsosen.

Tlf 52797159 Mobil 99299986 (dårlig mob. dekning)